Vil bruka 24.800 på kubjeller

27. september, 2018

Skrevet av André Habbestad
Illustrasjon: Malin Askevold Helle

 

Foreningsstyret i Juristforeningen fekk medhald i frå Foreningsstyret i Juristforeningen i å løyva 24.800 kroner til kubjeller til Foreningsstyret i Juristforeningen. Det får enkelte til å stilla spørsmålsteikn.

Generalforsamling og bløtkakekasting 

Det var på Foreningsstyret sitt møte den 7. september at styret behandla ein søknad i frå seg sjølv om å oppretta ein budsjettpost på 24.800 til ‘’medaljer og dekorasjoner’’ i form av kubjeller. Desse bjellene var meint som tilbehøyr til gallauniformene, og bakgrunnen var eit ønske om å skapa ‘’større tilhørighet til hele foreningen’’ . 

Om tilhøyrsla til foreininga har styrka seg, gjenspeglar dette seg ikkje nødvendigvis i stemninga på Jodel. På @Dragefjellet har debatten om kubjellene rast, og tonen har variert i frå ramsalt kritikk av foreningsstyret sine prioriteringar til like salt kritikk av uthenging av enkeltpersonane i styret. Blant dei som er negative til forslaget har enkelte tatt til orde for å avhalda ekstraordinær generalforsamling i Juristforeningen, medan andre held seg til å føreslå bløtkakekasting. 

Av søknaden som er vedlagt møtereferatet går det fram at styret har vore i kontakt med ein gullsmed, som har komme med eit tilbod om oppstartskostnad på 7600 i tillegg til ein kostnad på 1520 per bjelle. Passande masseproduserte produkt har styret ikkje funne, og vanlege bjeller til storfe blir ‘’for store og tunge’’. Forutan sjølve bjellene, er det i søknaden satt av 2000 kroner til stoff til band i Juristforeningens fargar.

- Forsvarlig pengebruk sett i forhold til foreningens økonomi 

Foreningsstyret seier i søknaden at dei er klår over at 24.800 er mykje pengar, men at dei ser på det som ei investering i ‘’tilhørighet og tradisjoner’’. Vidare blir forslaget forsvart ‘’sett i forhold til foreningens økonomi’’. 

I følge referatet var eit fleirtal av dei ulike gruppene som er representerte i styret positive til forslaget. Representanten for faggruppene la likevel til at dei var av den oppfatning at kjøpet kunne verka elitistisk dersom det ikkje vart betre forklart kor pengane kom i frå. Kulturgruppene var på si side tydeleg positive, og lurte på om inngravering – som økonomiansvarleg slo fast at ville vera dyrare – var ein moglegheit. 

Idrettsgruppene markerte seg som negative til forslaget, og var også dei einaste som endte opp med å stemma nei til søknaden. Dei meinte at ein burde finna ein annan leverandør - og eventuelt å bytta materiale - for å senke prisnivået. Enkelte var av den oppfatning at kjøp av bjeller uansett ikkje var nødvendig all den tid foreningsstyret allereie har eigne band. Andre påpeikte at tilhøyrsle til Juristforeningen kan skapast på betre måtar, for eksempel ved å heller bruka pengane på arrangement som Qas cocktail. 

Humoristisk stikk til foreningsstyret frå Juridisk Lacrosse Club

På sist foreiningsmøte, som føregjekk 25. september, la Juridisk Lacrosse Club fram ein eigen søknad om bjeller, tydeleg inspirert av bronsebjellene til foreningsstyret.

I søknaden, forfatta av JLC-leiar Anny Bjornes, kunne ein lesa at ho ‘’ble litt inspirert av FS sin forrige søknad om kubjeller til seg selv’’. Der foreningsstyret ville ha ti stykk, gjekk JLC for heile tjue.  Likevel – fordi JLC sa seg fornøgde med ein billigare variant – endte dei tjue bjellene opp billigare enn éi av bjellene foreningsstyret har bestilt: 1980 kroner for ti plastbjeller mot 2400 kroner for ei bronsebjelle. 

JLC soknar til idrettsgruppa, og var soleis blant dei som stemte nei til gallabjeller. 

- Jo, me har lenge hatt lyst på kubjeller til å bruka til kampar. Etter at foreningsstyret sendte inn sin kubjellesøknad såg me moglegheita til å søka om heiabjeller med handtak, og samtidig senda eit humoristisk stikk til FS, seier Bjornes. 

Kritikk frå kontrollutvalet 

Ingvild Hoel er leiar av kontrollutvalet, og var til stades på møtet den 7. september. Ho var, ved sidan av representanten for idrettsundergruppene, den einaste til stades som stilte seg kritisk til forslaget. Ho er også den som gjekk lengst i å kritisera den føreslåtte pengebruken.  

- Eg synest ikkje at det er i tråd med ein studentforeinings ånd å bruke såpass mykje pengar på ein så liten sirkel. Me i KU diskuterte dette, og eg meiner at kritikken kjem godt fram i møtereferatet. Dette er pengar som skal komma medlemsmassen til gode, og me ser det som spesielt problematisk at slik utsmykking skal finansierast med ein så stor pengesum i lys av at andre søknadar om ulike typar oppussing har fått avslag eller er blitt nedjustert. Det blir ikkje forholdsmessig.

Hoel peiker på at sist foreiningsstyre fekk innvilga ein søknad på 100 000 kroner til oppussing av eigne kontorlokaler, og at søknaden om kubjeller må sjåast i samanheng med prisen på oppussinga. 

- Dette er mykje pengar å bruke på noko som i all hovudsak kjem ein liten sirkel til gode. Det er heller ikkje forsvarleg pengebruk; kvar gong ein utvidar budsjetta, går dette frå det som er forutsett at blir overskotet. Ein må også huske på at me enno driv og bygger oss opp som organisasjon etter hyttesaka, som kosta oss dyrt.

‘’Hyttesaka’’ sikter til ein periode fleire år tilbake i tid, der Juristforeningen kjøpte og innreda ei hytte som var meint for studentane. Problema oppstod då det vart klårt at investeringane hadde blitt gjort før ein hadde fått dei nødvendige tillatingane.

- Det var ganske mykje pengar som gjekk tapt. Foreininga har som ein konsekvens av dette lagt seg på eit forsiktig pengebruksnivå, for å prøva å bygga opp igjen ein stabil økonomi. Det går greitt med økonomien no, men det betyr ikkje at me skal kunne bruka store summar heile tida. Det har me enno ikkje råd til, etter vår meining. 

At bjellene er ei eingongsinvestering, er ikkje Hoel utan vidare med på.

- Ein må tenke på korleis desse bjellene skal brukast. Dei skal brukast sjeldan, på gallaar og slikt. For det første kan våre gallaar av og til gå over styr, slik at ting kan forsvinna eller bli øydelagde. Uavhengig av om dette er ein eingongsinvestering har foreningsstyret no frå før av vedtatt ei budsjettendring på rundt 8000 på same posten, med same formål, nemleg å skapa samhald og tradisjonar. Denne budsjettendringa blei ikkje kritisert. Når ein to veker etterpå kjem med ein ny post på 24.000 kroner for samhald og tradisjonar – 33 000 på to veker - og to tredjedelar av dette berre kjem styret til gode, blir det ikkje heilt uproblematisk å kalla det for ein eingongsutgift. 

Kontrollutvalsleiaren har også fått med seg rabalderet på Jodel. 

- Kva styret vel å definere som samhald og tilhøyrsle, er ei politisk sak utfor kontrollutvalet sitt ansvarsområde. Eg meiner likevel dei bør ta til inntekt kva for signal som kjem frå resten av foreininga om dette spørsmålet. 

Samtidig understrekar Hoel at sjølve prosessen ikkje manglar demokratisk legitimitet, all den tid generalforsamlinga til Juristforeningen har stilt seg bak noverande kompetansedelegering. 

- Dette er resultatet av endringar gjort på generalforsamlinga, av generalforsamlinga. Det er generalforsamlinga som har innvilga foreningsstyret kompetansen til å vedta desse budsjettendringane, og det er også generalforsamlinga som har redusert kontrollutvalet si moglegheit til å gripa inn. Undergruppene har hatt moglegheit til å uttrykka misnøye gjennom sine representantar i foreningsstyret, utan at dei – med unntak av idrettsgruppene – har gjort dette.

Foreningsstyret ønsker debatten velkommen 

Økonomiansvarleg i foreningsstyret, Ola Asbjørnsen, seier seg einig i at prosessen i alle fall ikkje er udemokratisk, og peiker på måten Juristforeningen er organisert. 

- Ein ting som er viktig å få fram i denne prosessen, er sikkerheitsmekanismane som faktisk finst. Viss minst ti medlem i Juristforeningen går saman, kan dei krevja at ei sak går for stor-FS. Viss tjue gjer det, kan dei kalla inn til ekstraordinær generalforsamling. Der kan alle møta, seier Asbjørnsen.

Leiar av foreningsstyret, Nikolai Bjerke, seier at han ønsker debatten velkommen. 

- Det har nok over mange år vore for lite kjennskap til foreiningas struktur. Organisasjonen er bygd frå botn av og opp. Idrettsundergruppene møter på eit idrettsundergruppemøte, kulturundergruppene møter på eit kulturundergruppemøte, og fagundergruppene møter på eit fagundergruppemøte. Her diskuterer dei sakene seg i mellom, før ein representant for kvar gruppe blir sendt til foreiningsstyremøtet, forklarer Bjerke. 

- Det å ha ein debatt rundt prosessane i foreningsstyret, og i heile foreininga, er sunt. Dette er me veldig opne for, og dersom fleirtalet meiner at prosessen ikkje er riktig, er det noko ein absolutt må ta opp. Samtidig har denne saka blitt behandla i tråd med noverande reglar for Juristforeningen. 

Betre økonomi enn før

Innkjøpet av kubjellene blir i søknaden forsvart opp mot Juristforeningens økonomi. Asbjørnsen poengterer at denne er markant betre enn i tida rett etter Hyttesaka. 

- Me har cirka 4 millionar i kapital, og eit budsjettert overskot på cirka 300 000. Så har me i tillegg dei siste åra passert ein million i driftsresultat. Ein har tidlegare vore inne i ein periode der ein har spart mykje pengar – foreininga haldt rett og slett på å gå konkurs, fordi det var mykje som ikkje stemte. Ein haldt på å velta over. Så har ein dei siste åra fått betre styring og ein betre økonomi. 

Han peiker også på at utgiftene som fell inn under budsjettet utgjer ein brøkdel av det større biletet. 

- Budsjettvedtaket utgjer ikkje meir enn 0,5% av omsetjinga til Juristforeningen.Det er klårt at pengane ikkje er uendelege, men enn så lenge har me ikkje sagt nei til ein einaste søknad om idrettsutstyr eller ting som undergruppene. Dette meiner eg også det er stort rom for. På Jodel blir det presentert eit bilete av at mange undergrupper har fått avslag på ting dei treng, men dette stemmer ikkje. Avslaga på dømesvis oppussing av Portnerboligen kom for over to år og to styrer sidan, då ein framleis førte ein sparepolitikk. 

Asbjørnsen presiserer at ikkje alle søknadar har blitt godkjente, men står fast ved at søknadane som har omhandla ting undergruppene har hatt behov for har gått gjennom. Han oppmodar undergruppene om å ikkje vegra seg for å søka om støtte. 

Det er Bjerke einig i. 

- Det vart i vinter kommunisert ut til undergruppene at økonomien i foreininga er god, og at ein ønsker å løfte foreininga heller enn å driva sparepolitikk.

Tar sjølvkritikk på presentasjonen 

Kubjeller til 2400 per stykk. Korfor måtte dei kosta sopass?

- Dette er tenkt som eit klenodium som skal vara i mange, mange år. Me sjekka opp ulike troféprodusentar, men desse hadde ikkje moglegheita til å lage slike bjeller. Me sjekka deretter opp hos ulike gullsmedar, og fekk då det tilsendte tilbodet. Ein gjekk her for det billigaste alternativet som gav klang. Det er handverket som kostar pengar, ikkje materialet, seier Asbjørnsen.

Var det praktisk eller faktisk umogleg å få tak i billigare kubjeller? 

- Det hadde ikkje vore mogleg å finna tilsvarande bjeller til ein billigare pris. Ein kunne ha fått tak i bjeller som kan hengast rundt halsen, men ikkje noko som svarer til krava me har sett. Tanken har vore at dette skal vera noko som foreningsstyret faktisk vil bruka i framtida. 

- Poenget her er at dette er eit klenodium som skal vera i foreininga sitt eige i mange tiår. Det har tidlegare vore praksis med liknande, men dette har gått tapt. Me vil bygga opp ein kultur, ein tradisjon, og ein identitet som ikkje er ekskluderande, tilføyer Bjerke.

Kontrollutvalet har kritisert kjøpet nettopp på grunn av deira oppfatning om at dette verkar ekskluderande. Dei har argumentert med at bjellene kjem ein avgrensa sirkel med personar til gode. Kva tenker de om det? 

- Me har sett på dette som eit heilskapleg prosjekt, og noko me ønsker å gå inn for, for at det skal resultera i betre tilhøyrsle og sterkare identitet som studentforeining. Ein måte å gjera dette er å pynta seg ved større evenement. Me vil dekorera dei som har vore med i og bidratt mykje til foreininga. Eigentleg ønsker me å komma med tiltak for heile foreininga, for alle undergruppene, og for alle vervhaldarar, der dette inngår som del av det. Så er saken at dette ikkje har blitt presentert som ein heilheit. Dette har skapt ei kjempemisforståing, som har ført til at diskusjonen på Jodel har begynt å rasa, og der tar me sjølvkritikk. 

- Jodel er vanskeleg å forholda seg til

Apropos Jodel: Kva var din reaksjon på reaksjonane? Var dette å forventa? 

- Eg veit ikkje om det er det riktige spørsmålet å stille. Kritikk av foreininga ønsker me at blir fremja, så me er heile tida førebudd på at folk er ueinige i politikken me vedtar. Det som var uventa her, var skalaen. Jodel er ein kanal det er utruleg vanskeleg å forholda seg til, fordi me ikkje veit kven som rettar kritikk mot oss. Det er snakk om eit anonymt forum der mykje er humor og mykje er seriøst, og der grensa mellom det alvorlege og det ikkje-alvorlege blir vanskeleg å trekke. Me har mekanismar i foreininga for å ta opp ueinighetar på ein sakleg måte. At slike debattar blir tatt opp på og eskalerer på Jodel er vanskeleg for oss, fordi det for oss blir uklårt kor og korleis me best kan svara. Me står til ansvar for avgjerslene me tar, og er førebudd på å svare for vedtaka me fattar – både før, under, og i etterkant. 

Kva kunne de gjort annleis?

- Det kunne ha komme tydelegare fram at dette inngår i eit større og meir heilheitleg prosjekt. Forslaget har blitt feil presentert, og det er gitt eit inntrykk som er mogleg å misforstå. Her har ein utan å ha tilstrekkeleg kunnskap om foreiningas struktur, prosessar, økonomi, og forslagets innhald, kasta seg på ein voldsom kritikk.

Denne kritikken meiner Bjerke at har komme til uttrykk i feil forum.

- Me har ikkje fått inn ei einaste innvending om saka i etterkant av møtet, verken frå undergrupper eller enkeltmedlem. Alt har gått føre seg på Jodel. Dersom formell kritikk kjem vår veg, er det sjølvsagt noko som vil bli tatt tak i så fort som mogleg. 

Økonomiansvarleg Asbjørnsen viser til moglegheitene som allereie er der for dei som har noko på hjartet om foreiningsstyrets politikk. 

- Viss folk meiner noko om politikken me fører: kom til oss. Kom på kontoret. Der er det nesten alltid nokon frå styret. Dersom ein meiner at me har vore prosessuelt håplause, har me eit uavhengig kontrollorgan i form av KU. Dei har postkasse i Borggården, der ein kan senda inn tankar heilt anonymt. 

Du har uttalt at ‘’alle avgjørelser vi tar er etter overveide og bevisste valg for hva vi ønsker av en studentforening’’, og at dette sett i eit heilskapleg perspektiv er ‘’viktig for å bygge tilhørighet’’.

Jodelstormen tatt i betraktning: Står du inne for dette?  

- Eg meiner at me har tatt ei gjennomtenkt avgjersle, men forstår at dette har blitt underkommunisert. Formålet har vore å skapa tilhøyrsle, men også ein bevisstheit om historia til og tradisjonane i Juristforeningen. Når me no ser måten dette har blitt tatt i mot på, er me usikre på om det faktisk vil bygga tilhøyrsle. Me står inne for korleis vedtaket er fatta, men dersom ettermælet tilsvarer dei reaksjonane ein har sett så langt, må me vurdera om det skal revurderast – viss dei formelle mekanismane blir satt i verk, vil tida vise om fleirtalet er for eller mot. Dette blir i så fall avgjerande for utfallet, seier Bjerke. 

Tidlegare foreningsstyre fekk innvilga over 100.000 til oppussing av kontoret sitt i form av nye bord og stolar. Ser styret at slik pengebruk kan problematiserast opp mot ønsket om å framstå mindre fjerne for studentmassen?

- Kontorinvesteringa har fungert vanvittig bra. Det som har skjedd, er at lokalet har blitt eit møterom der det nesten dagleg er folk. Dette er ei investering som kjem over 200 til gode, då alle vervhaldarar i Juristforeningen har tilgang. Alle er velkomne til å eta lunsj på kontoret vårt, svarer Asbjørnsen. 

Bjerke legg til at ein har gått i frå eit kontorlokale som frå før av var meir eksklusivt, til eit lokale som svarer til foreininga sitt ønske om å vera ein organisasjon som er open for alle. 

---

PS: For ordens skuld må det understrekast at også Injuria er ein underorganisasjon, som på lik linje med andre grupper organisert under Juristforeningen søker om midlar frå den avgrensa fellespotten. Injuria fell inn under undergruppekategorien ‘’fag’’, som stemte for bjellekjøpet.