Arkiv
Masterstudentane
5. desember, 2018 Skrevet av Rebecca Forfod Strandheim
Eit felles mål for oss på jussen er at vi ein vakker dag skal levere ei masteroppgåve i rettsvitskap. Vegen fram mot siste stykke arbeid kan kjennast lang og det kan vere vanskeleg å vite kva veg ein
skal gå. Injuria har høyrd med fire masterstudentar kva dei gjer.
Daniel Croles Fitjar
Foto: Privat
Kvar har du studert?
Eg har teke heile studiet ved UiB, men var i Kina våren 2017 gjennom emnet JUS134-KINA. Etter fire fine år på Dragefjellet har eg flytta til Oslo for å skriva masteren min derfrå no i haust.
Kva skal du skrive master om og kvifor er dette viktig/interessant?
Eg skriv ei forvaltningsrettsleg masteroppgåve om skikkavurderingar etter universitets- og høgskulelova § 4-10. Etter denne føresegna kan norske høgare utdanningsinstitusjonar stenga ute studentar frå lærarutdanningar, teologiutdanninga eller helsefaglege utdanningar dersom institusjonen meiner at studenten ikkje er skikka for yrket. Det vil seie dersom dei meiner at han eller ho ikkje er skikka for å vera lærar, prest, sjukepleiar, psykolog, etc. Personar er ikkje skikka dersom dei vil utgjera ein fare for helsa eller rettane til elevar, pasientar eller andre brukargrupper dei vil møta i yrket.
Temaet er mellom anna interessant fordi utdanning er ein menneskerett etter norsk lov, jf. Grunnlova § 109. Dersom ein stengjer ute nokon som i utgangspunktet er kvalifisert, gjer ein altså eit inngrep i menneskerettane til studenten, og legalitetsprinsippet slår inn. Då får ein spanande avvegingar mellom studenten sin individuelle rett til utdanning opp mot ei gitt gruppe av menneske sin rett til vern mot framtidig, hypotetisk fare.
Temaet mitt reiser også andre interessante problemstillingar, som tydinga av vage og vide vurderingstema opp mot legalitetsprinsippet sitt klårleikskrav; vekting og tolking av kjelder som forskrift, forvaltningspraksis og rundskriv; beviskravet i utestengingssaker og skilnaden mellom pønale og preventive forvaltningssanksjonar.
Eg visste ganske tidleg at eg ønskja å skriva om universitets- og høgskuleretten. Dette er eit område av forvaltninga som svært mange av oss er i kontakt med i løpet av livet, men som likevel har fått ufortent lite merksemd i den juridiske litteraturen. Nesten ingen har skrive om utestenging. Utanom Bernt sin lovkommentar til Universitets- og høgskulelova finst det knapt ei handfull artiklar som er innom temaet. I skikkavurderingssakene vil sakstilhøvet typisk stå mellom ein sterk institusjon med mange ressursar mot ein student med dårleg økonomi og ofte psykiske og/eller fysiske helseplager. Når maktbalansen er så skeiv er det viktig at juristane kjem på banen for å kontrollera at rettstryggleiksgarantiane til studenten er gode nok: ein må kontrollera at regelverket ikkje opnar for at sterke institusjonar misbruker makta si, til dømes ved å luka ut studentar dei sjølve meiner er problematiske, men som ikkje nødvendigvis vil vera ein fare for pasientar eller elevar.
Har du nokon råd til dei som byrjar å tenke på tema for si oppgåve? Korleis bestemte du deg?
Det er ein rimeleg stor sjanse for at du aldri kjem til å bestemma deg heilt for tema for oppgåva di. Mi oppgåve har endra seg fleire gonger etter at eg starta å skriva, og den kjem truleg til å endra seg fleire gonger før eg leverer inn i desember. Det viktigaste er at du finn eit fagområde som du er interessert i, og at du startar med å skriva tidleg. Når du først har starta på eit spor vil temaet gradvis ta form både i hovudet ditt og på papiret.
Ingrid Hagen
Foto: Privat
Kvar har du studert?
Jeg studerer rettsvitenskap ved Universitet i Bergen.
Kva skal du skrive master om og kvifor er dette viktig/interessant?
Temaet for min masteroppgave er offentlige anskaffelser. Oppgavens nærmere problemstilling er oppdragsgivers avklarings- og ettersendingsadgang etter anskaffelsesforskriften § 23-5.
Jeg valgte overnevnte tema på bakgrunn av at rettsområdet er noe jeg har hadde lite kjennskap til fra tidligere og som jeg ønsket å lære mer om. Offentlige anskaffelser er et svært viktig, men også komplekst felt som byr en rekke vanskelige problemstillinger.
En av disse vanskelige problemstillingene knytter seg til hvilken adgang oppdragsgiver har til å foreta avklaringer eller anmode om supplering eller ettersending av dokumentasjon av forhold både tilknyttet leverandørens oppfyllelse av kvalifikasjonskravene, men også i selve tilbudsdokumentasjonen etter tilbudsfristens utløp. Etter tilbudsfristens utløp er muligheten for dialog mellom oppdragsgiver og leverandør om tilbudets innhold svært begrenset. Oppdragsgiver kan likevel foreta visse avklaringer eller anmode om ettersending av dokumenter med hjemmel i forskriften om offentlige anskaffelser § 23-5.
1. januar 2017 trådte et nytt anskaffelsesregelverk i kraft. Formålet med det nye anskaffelsesregelverket var å forenkle et regelverk som fremsto som både rigid og komplisert å forholde seg til. Departementet har gitt uttrykk for at bestemmelsen i § 23-5 betydelig utvider oppdragsgivers avklarings- og ettersending i forhold til tidligere rettstilstand. På bakgrunn av dette vil jeg undersøke hva som er gjeldende rett etter den nye forskriften, samt hvorvidt den nye forskriftsendringen faktisk utvider avklarings- og ettersendingsadgangen så mye som departementet gir uttrykk for.
Har du nokon råd til dei som byrjar å tenke på tema for si oppgåve? Korleis bestemte du deg?
Mitt råd er å begynne tankeprosessen god tid i forveien. Velg et tema som interesserer deg og som du ønsker å lære mer om, da vil skriveprosessen bli mye lettere. Jeg tok selv kontakt med fagpersoner som arbeider med offentlige anskaffelser til daglig, og forhørte meg om disse hadde noen forslag til relevante problemstillinger som kunne passe en masteroppgave. Jeg fikk mange gode svar som hjalp med å komme frem til min endelige problemstilling.
Anna Vattekar Sandvoll
Foto: Privat
Kvar har du studert?
Eg har teke alle åra mine i Bergen og blir også her no når eg skriv masteroppgåva.
Kva skal du skrive master om, kvifor er dette viktig/interessant og kvifor valde du forskarlina?
Frå 1. september 2017 er det eit vilkår at alvorleg sinnslidande manglar samtykkekompetanse for å kunne underleggjast tvang i psykisk helsevern. Dette er tema for mi oppgåve.
Emnet er viktig og engasjerande fordi det dreier seg om kva grenser offentlege styresmakter må forhalde seg til når det skal gjerast tvangsinngrep i enkeltmenneske sine liv. I tillegg er det spennande å kunne bidra til ei avklaring av gjeldande rett på eit så uavklart felt. Det er lite rettskjelder å ta av og difor mange problemstillingar ein må ta stilling til.
Forvaltningsretten og helserett spesielt har engasjert meg mykje på studiet, så dette var grunnen til at eg tok sikte på å skrive masteroppgåve innan desse fagområda.
Når studiet elles har eit høgt tempo, er det givande å kunne fordjupe seg i denne problemstillinga i eit heilt år. Dette var grunnen til at eg søkte på forskarlinja. På forskarlinja får vi særs god oppfølging. Vi lærer om det å skrive på eit høgt akademisk nivå og får eit innblikk i korleis det er å drive forsking. Undervisninga er også tilpassa det stadiet i skriveprosessen vi er på til ein kvar tid, noko som gjer at vi stadig får inspirasjon til det vidare sjølvstendige arbeidet.
Har du nokon råd til dei som byrjar å tenke på tema for si oppgåve? Korleis bestemte du deg?
Eit heilt konkret tips kan vere å sjå tilbake på arbeidsgruppe- og storgruppeoppgåver ein har hatt på studiet. Desse er ofte innom uavklarte og vanskelege spørsmål innan det aktuelle fagområdet og kan gi inspirasjon til moglege problemstillingar. Vidare vil eg anbefale å snakke med dei vitskapleg tilsette på fakultetet. Sjølv tok eg kontakt med Bjarte Askeland etter eit informasjonsmøte om forskarlinja. Slik kom eg i kontakt med rettleiaren min Bjørn Henning Østenstad som hjalp meg med å spinne vidare på dei emna eg hadde tenkt ut.
Nora Birkelund
Foto: Privat
Kvar har du studert?
Jeg tok alle de første fire årene av mastergraden i Bergen, og på mitt femte studieår valgte jeg å reise til Aberdeen for å ta en LLM. En LLM-grad fra universitetet i Aberdeen består av tre semestere, der du totalt har fire valgfag de første to semestrene, og skriver en oppgave som tilsvarer den norske masteroppgaven det tredje semesteret. Etter planen skal året i Aberdeen bli godkjent som valgfag og mastergrad i Bergen, slik at man både får en norsk og en internasjonal mastergrad.
Kva skal du skrive master om og kvifor er dette viktig/interessant?
Jeg har valgt å ta en LLM-grad i internasjonal energi og miljørett, og jeg skal også skrive masteroppgave innenfor dette fagområdet. Etter min mening er en master innenfor både energi og miljørett veldig aktuelt for nyutdannede jurister, i et nasjonalt og et internasjonalt perspektiv.
For eksempel spiller hensynet til miljø en stor rolle innenfor mange norske rettsområder i dag, samtidig som energibransjen i Norge har behov for en omstilling. Det er nok av nasjonale utfordringene innenfor energi – og miljø sektoren som norske jurister må være med på å møte.
Samtidig er det også fint at jeg har et internasjonalt perspektiv på fagene mine. Problemstillingene innenfor energi- og miljørett, for eksempel det å sørge for en bærekraftig utvikling, og å dekke verdens energibehov, er i aller høyeste grad globale.
Har du nokon råd til dei som byrjar å tenke på kva dei skal gjere femte året? Korleis bestemte du deg?
Jeg synes det var veldig vanskelig å bestemme meg, og begynte å tenke på utveksling, master og fagvalg litt i seneste laget. Det avgjørende for meg ble til slutt at jeg hadde lyst til å bli bedre i engelsk, at jeg ikke ville være så langt hjemmefra, og ville bo i en billig studentby. Hvis jeg skal være etterpåklok og komme med et tips må det være å begynne tenkingen på femte studieår så tidlig som mulig. Det er veldig mange fristende alternativer, så det kan være greit å ha god tid til å finne ut hva man ønsker å få ut av det siste året som student.